Natt, regn

isbn 978-82-495-0922-5

Baksidetekst:

«Alderdom. Se sitt eget liv reversert: Hva har det blitt av meg? Barndom. Se seg selv i speilet for føste gang: Hva har blitt meg?»

Hun er en ung lege med allmennpraksis og møter mange mennesker hver dag. De kommer til henne som pasienter, med hver sin uro, midt i hennes egen hverdag, der moren nettopp har fått slag. Morens nært forestående død vekker den unge legens redsel: Er det mulig at døden ikke er endelig? Hvor finnes vi – før vi er i tiden? Hva er det som fins før livet i verden begynner?

Natt, regn er en vakker og viljesterk roman om en tenkt samtale, om roser og harmoni og om hva det vil si å være.

Anmeldelse i Dag og Tid:

”Noko å strekkje seg etter

Kristin Ribe går sine eigne vegar med eit stoff og eit språk som utfordrar lesaren.

Årets bok er den femte romanen fra Kristin Ribe sidan ho debuterte med Forsnakkelser i 2003. I fjor fekk ho Bokhandelens forfattarstipend på 200.000 for romanen Syn, og i 2012 er ho fylkeskunstnar i Sør-Trøndelag. Ho er opphaveleg frå Kongsberg, men har budd i Trondheim i mange år etter at ho tok hovudfag i nordisk ved NTNU.

Som alt anna ho har skrive, legg ho seg denne gongen også i eit sjangermessig grenseland, for sjølv om det står ”roman” på omslaget, er ikkje dette nokon roman i tradisjonell forstand der persongalleri og handling er berebjelkar i framstillinga. Hos Ribe står ein snarare framfor ein fragmentert teksthybrid som i realiteten er ein lang refleksjon kring liv og død, fødsel og gjenføding sett inn i ein ramme av filosofiske, eksistensielle og religiøse spørsmål der svara ikkje finst anna enn som ei undring eller som angst. Språket ligg tett opp til essayet, det nærmar seg også det prosalyriske samtidig som Ribe mbevisst manipulerer eller saboterer normalsyntaksen slik at det oppstår ein sterk motstand og friksjon i teksten, her vist i eit par tilfeldig valte eksempel på s. 105: ”Men vil vite, hvorfor måtte redde deg jeg. Da jeg 14 hvorfor ville vekk? (…) Ville du meg, jeg deg hindre den gangen? Ville jeg jeg deg komme?”

Lite ytre handling

Det er ein roman nokså strippa for ytre handling; likevel handlar det i minneglimt om forholdet mellom ei mor og dottera der dottera er forteljarinstansen. Som fjortenåring var dottera vitne til at mora blei køyrd bort i ambulanse etter eit sjølvmordsforsøk. Tretti år seinare ligg mora på sjukehuset etter eit slagtilfelle, døyande. Dottera, som er lege, prøver å avklare forholdet til mora utan å komme særleg nærmare ei fornuftsmessig forståing av kva som har styrt liva deira. Kanskje ligg det eit svik fra mora si side ein stad i teksten, kanskje er det skuldkjensla til dottera som bryt seg fram og leitar etter språk? Kanskje er det ei grunnleggjande morsbinding som melder seg konfrontert med døden?

Det er dei store spørsmåla Ribe tumlar med, nær sagt som vanleg. Dødslengt og dødsangst står sentralt i eit religionsfilosofisk perspektiv der vestleg kristendom blir stilt opp mot hinduisme og buddhisme med sine svar på dødens gåte. Er døden endeleg, eller blir mennesket gjenfødt gong på gong slik buddhismen seier? Forteljaren fryktar denne gjenfødinga, for når ein søkjer den totale utslettinga, blir det eit problem å bli gjenfødt, og ho tenkjer seg at ho må døy gong på gong før ho endeleg er borte. Dette held henne tilbake frå å søkje sin eiegen død.

Desperasjon

Det er eit stort og tungt alvor i Ribes romanar, ein desperasjon som botnar i det som kan verke som eit meiningstap, og forteljaren må stadig minne seg sjølv om at det trass alt finst noko det er verdt å leve for: ”Når noe er godt, tenke: Dette her er verdt det. Når noe er godt, tenke: Dette her vil jeg oppleve mer av. Og likevel tenker jeg: Aller helst vil jeg dø. Livet er ikke alt.”

Det finst ingen svar hos Ribe, berre spørsmål som borar seg inn mot dei store gåtene kring det som bind oss til kvarandre og det som skapar avstand: fosteret i mors liv, barnets binding til mora gjennom å vere født. ”Men moren er også i barnet og forfølger barnet gjennom livet. Mens moren forløses fra barnet ved fødselen, blir du som barn ikke forløst fra mor gjennom livet”, seier Ribe i eit intervju kring romanen.

Strekkje nakken

Ribe ønskjer å gi lesaren noko å tyggje på, og det greier ho. Men mange vil nok skyggje banen; det blir for tungt og vanskeleg, for krevjande og usamanhengande til at den gjengse lesaren orkar å henge med. Det er ikkje Kristin Ribes ansvar. Det blir som den gamle professoren som fekk klage frå studentane om at han snakka over hovudet på dei. ”Da får forsamlingen strekke nakken”, var svaret dei fekk.”

Oddmund Hagen, Dag og Tid

Utdrag fra anmeldelser:

”Stor diktning … Om å ta voksenansvar som barn, og at dette farger alle erfaringer livet siden har å by på … I et språk som noen ganger er klinisk, noen ganger poetisk, og ofte bryter sammen, skildres famling med de store spørsmål. Blant dem er spørsmålet om død og reinkarnasjon. Her settes vitenskapen opp mot mysteriet på en måte som vekker nyssgjerrighet og inspirerer til egen grubling. Samtidig trigger jeg-personens aversjon mot gjenfødelse en uro i leseren, både på hennes og denne lesers vegne … bare en stor dikter kan vekke den uroen i meg som «Natt, regn» gjør”

Fartein Horgar, Adresseavisen

”Dare devil.
Likner ikke Trude Marstein”

Suzanne Christensen, Klassekampen 2012

«Tankene sitrer og spinner rundt en døvstum tilværelse, rundt livsviljen som vokser på tross av omgivelsene. I dette hakkende språket skal hun prøve ut eksistensielle spørsmål … Det er her Ribe har sin største styrke, i det usagte, ordet som mangler, som sammen med de stakkato erkjennelsene gir et overbevisende og tidvis forstyrrende bilde av en lidende kvinne. For når det kommer til å skildre et strevende sinn, så er Kristin Ribe virkelig god»

Kjell-Richard Landaasen, Vårt Land